Indianna Rasmusdatter Haraldsø

Indianna Rasmusdatter Haraldsø

Indianna vart fødd i Sørøya i 1847. Foreldre var Rasmus Jensen og Beret Andreasdtr.Sylten. Mor Beret døde i barselseng da Indianna var 8 år.

Indianna Haraldsø - en sterk kvinneskikkelse i Viknahistorien

Indianna Haraldsø – en sterk kvinneskikkelse i Viknahistorien

Søsken var: Karen Sofie 11 år, Anne Katrine 5 år og den nyfødte Beret Marie. Indianna vart oppfostra hos besteforeldra sine på Sørøya, Jens Johansen og Anna Rasmusdtr. Far til Indianna vart oppattgift, og dei andre søstrene budde saman med han og den nye kona. Dei fekk etter kvart seks halvsøsken.

Indianna gjekk i ein god skole hos besteforeldra. Ho lærte seg å vera med i arbeidet både inne og ute. Det var dei som dreiv småbruket. Far til Indianna var fiskar. Han tok ikkje over bygsla på bruket før etter hans far, gamle Jens, var død i 1877.

I 1870 kom ein ung mann, Ove Larsen frå Bjørnør, til småbruket som dreng. Det var etter måten mange dyr på garden m.a. 3 – 4 kyr. Anna og Jens trong hjelp til alle arbeidsoppgavane på bruket.

Ove  frå Bjørnør og Indianna gifta seg og i 1874 busette dei seg på Haraldsøya. Da hadde dei to små barn. Livet smilte til den unge familien.

Berre eit år etter rammar tragedien dei. Ove Larsen forliser og kjem bort på havet. Indianna blir åleine med omsorg for barna og arbeid på sjø og land. Ho har 1 ku, 1 okse, 2 ungfe, 2 geiter og ein gris i fjøset. Ho får etter kvart ein dreng og søster si, Beret Marie, til hjelp.

Indiana - IMG_6584

Indianna Rasmusdatter Haraldsø i Barbro Langøien Gravseth sin skikkelse og besøket Ole Olsen i Ulf Grande sin skikkelse.

 

Indianna giftar seg igjen med Benjamin Mikalsen Sæternes i 1877. Frå 1877 til 1892 får dei seks barn, 4 søner og 2 døtre. Haraldsøya ligg lengst i sørøst av Gjeslingøyane (Nord-Gjeslingan og Sør-Gjeslingan). Båten var framkomstmåten i alle samanhengar. Dei hadde lang sjøveg når dei skulle hente utkome frå havet eller t.d. besøke slektningar og reise til Garstadkjerka. Posten til fyrmesteren på Haraldsøykråka vart henta i Bergsnov og levert på fyret av folket på Haraldsøya.

Ein januardag i 1896 seglar Benjamin og den 17 år gamle sonen, Hans Parelius, for å hente post til fyrmesteren. Veret er bra frå morgonen av, men det ryk opp til uver. Dei kollseglar og far og son kjem bort på havet.

Indianna blir enke for andre gong. Ho mister også ein ung, kjær son. Året etter mister ho også den eldste sonen sin, Lund Bernhoff frå første ekteskapet, på havet. Han vart 25 år.

Indianna held fram med småbruk og fiske for å livberge familien sin. Den yngste av barna er berre fire år. Ho var godt kjent på fiskefelta rundt Gjeslingan. Ho dreiv sjøen på lik linje med  dei mannlege fiskarane, og ho hadde stor respekt hos alle. Posthentinga i Bergsnov til fyrmeisteren heldt ho også fram med.

Havet hadde tatt i frå ho to ektemenn og to søner. Ho måtte også vinka farvel til dei andre barna sine etter som dei vaks til og reiste ut. Yngste sonen, Kristian, emigrerte til Amerika. To døtre flytta til Otterøya. Sønene Marius og Brede vart fyrvaktarar  på Nordøyan fyr og Ørsvåg fyr i Vågan i Lofoten.

På sine eldre dagar flytta Indianna til døtrene sine på Otterøya. Ho døde i 1936, 89 år gamal.

Indianna Rasmusdtr. budde nesten 50 år på Haraldsøya. Ho levde livet sitt i arbeid og slit, i sorg og sakn, men også eit liv i lykke og gledestunder på denne vakre øya.

Ho levde der når stormen rasa og «snykavvin» var ugjennomtrengeleg. Men ho var der også når sommarnatta var like lys som dagen saman med sine kjære.

Indianna er ein vakker og sterk representant for kvinnene som levde ein gong her på Vikna. «Eg bøyer meg i støvet».

Av Kjellrun Åsgard

Fredag 20. mars 2015 ble historien om Indianna Rasmusdatter Haraldsø levendegjort i f.m. den offisielle åpningsseremonien for Skreifestivalen. Det er Kjellrun Åsgard som har skrevet manus og hatt regien. Barbro Langøien Gravseth spiller Indianna, og Ulf Grande i skikkelsen til Ole Olsen møtte henne.

Indianna er den sjette kvinnen som blir presentert i denne serien. «Buketten» med sterke kvinneskikkelser er ikke komplett ennå. Vi ser fram til et nytt møte under neste års Skreifestival.